Emil og makkeren Nils Ringøen deltok berre i seniorklassen sundag og kom på delt tredjeplass etter 0-2 tap i semifinalen der dei leia 20-16 i andre settet, som dei diverre tapte 20-22. Det høyrer med til historia at dei slo regionsmeistrane 2-0 i gruppespelet, så med Fru Fortuna på si side kunne det fort gått annleis.

Laurdag vart Line (til høgre på biletet) og makkeren Julia Søreide Hansen nr to i U21. Sundag kom dei på delt femteplass i seniorklassen etter eit knepent 1-2 tap i kvartfinalen.